Majorstuen legg ut på slagerturné i november. På konsertane presenterer dei sine favorittar frå 10 års samarbeid. Det vert mange høgdepunkt! Og no har publikum ein unik sjanse til å vere med og skape stemning på live-plata som skal spelast inn på same tid.
Du får høyre Havella, Busk, Villa Elba, Hjelmeset og Trondheimsfjorden. Alt i Majorstuens umiskjennelige kammerfolkelege arrangement og tonedrakt.
Majorstuen er Andreas Ljones, Gjermund Larsen, Jorun Marie Kvernberg, Synnøve S. Bjørset og Tove Dalbakk.
Då felespelarane i Majorstuen starta sitt musikalske samarbeid for 10 år sidan, hadde dei eit enkelt mål; dei ønskte å utfordre både seg sjølv, instrumenta og den norske folkemusikken. Råmene var tydeleg og ufråvikelege; berre strengeinstrument, og ingen elektroniske duppedittar. 10 år seinare er råmene framleis dei same. Og heller ikkje no hindrar dei Majorstuen i å drive sin kreative leik der musikken fløymer ut med ei enorm kjensle av fridom.
Felespelarane si evne til å begeistre, overraske og utfordre har gjeve dei fleire prisar og utmerkingar, og for debutplata hausta dei ein Spellemannpris. Majorstuen sine reiser har vore mange og lange, og dei 10 siste åra har dei gleda eit internasjonalt publikum i både Frankrike, Tyskland, Spania, Estland, Slovenia, Aserbajdsjan, Israel og Kanada. For ikkje å gløyme eit ukjent tal konsertar i Norge, på små og store scener, og for folk i alderen 9 til 90!
16.nov: Osterøy museum
18. nov: Aasentunet, Ørsta
20. nov: Oppdal bygdemuseum
21. nov: Galleri Skaar, Kleive
Diskografi:
Skir (MFC 2010)
Juledrøm (MFC 2006)
Jorun Jogga (MFC 2004)
Majorstuen (2L 2002)
I Majorstuen spelar:
Andreas Ljones| fele
Gjermund Larsen| fele
Jorun Marie Kvernberg| fele
Synnøve S. Bjørset| fele
Tove Dalbakk| fele og cello
Prisar:
Spellemannprisen 2003
Hilmar Aleksandersen Minnepris 2005
Årets folkemusikere 2005
Sending Data
Taking too long?

0 Comments
You must be logged in to post a comment.
Sign in or create an account