jm banner2

Jorun Marie Kvernberg

Ny trio: SandumKvernbergSandum

Posted on Tuesday, 18 November 2014

News :: Ny-trio-sandumkvernbergsandum :: MINDRE Geir Dokken_Kvernberg Sandum _NR7C kopi

Eit musikalsk meistermøte mellom kyst og dal!

Med fellesnemnaren Øyvind Sandum på trekkspel slår dei to folkemusikkduoane Kvernberg/Sandum og Brødrene Sandum seg saman til ein ny trio. Det blir retteleg god musikk å både lytte og danse til når dei spelar opp til konsert og dans Straumsnes Grendahus.

Den felespelande romsdalingen Jorun Marie Kvernberg (1979) er kjend for mange både som merittert solist og som solid ensemblemusikar i mellom anna Majorstuen og Tindra. Gudbrandsdølen Hans Sandum (1980) har gått tradisjonsvegen og fått opplæringa si utanom dei formelle læringsvegane, på stova heime hjå tradisjonsspelemenn som Rolv Brimi, Thor Holbø, Knut Kjøk, Øyvind Skogum og hjå mor Ingebjørg Sandum. Veslebror Øyvind Sandum (1982) trakterar både trekkspel og durspel, og det på ein måte som har skaffa han ikkje mindre enn 20 gullmedaljer og ein kongepokal!

To plateutgjevingar

Våren 2013 vart det utgitt to CD-ar med dansemusikk på fele og trekkspel som fekk mykje merksemd. Den eine var «Møyllmål», ein dokumentasjon på brørne Sandum sitt nærast medfødte duosamspel. Repertoaret her var gamal slåttemusikk frå Gudbrandsdalen, og då særleg frå deira heimbygd Lalm, mellom anna i tradisjon etter dei sju legendariske Skogumbrørne. Den andre plata heitte «Tidens Løsen» og var ei samling av runddansslåttar etter spelemannen Ole Blø frå Midsund i ytre Romsdal. Det luftige og spretne felespel hans sette djupe spor i Jorun Marie Kvernberg og Øyvind Sandum, og dei fekk ein sterk trong til å dele denne måten å spele gamaldans på. Begge CD-ane vart nominerte til Folkelarmprisen i kategorien tradisjonelt samspel.

På konsertane med Sandum/Kvernberg/Sandum vil publikum få høyre både tre solistar, tre duoar og ein ny trio! Dei to duoane vil som trio leike seg i det musikalske møtet mellom kyst og dal. I lys av kvarandre vil dei to ulike tradisjonane framstå endå tydelegare.

Gamalmåten og nymåten

Sjølv om dei to felespelarane i trioen er jamnaldra, representerer dei to ulike generasjonar av folkemusikarar. Jorun Marie Kvernberg var ein av dei første som fekk ta formell utdanning innan utøvande folkemusikk. Hans Sandum har derimot gått den tradisjonelle vegen og har nådd eit særs høgt nivå gjennom å oppsøke eldre spelemenn. I dag byrjar det bli ei sjeldan vare med elitespelemenn som ikkje er innom utdanningssystema. Det er grunn til å tru at dei to utdanningsvegane tilfører musikaren ulike kvalitetar og kanskje også tildels ulik musikalsk estetikk. Musikarmøtet vil også sette fokus på dette viktige mangfaldet ein får ved at både den tradisjonelle spelemannen og den profesjonelle spelemannen får sin plass på scena, - og gjerne saman!

Jorun Marie Kvernberg (1979) er frå Fræna i Romsdal, og er busatt i Volda. Kvernberg har jobba som utøvande folkemusikar på heiltid sidan 2004 etter endt utdanning ved Norges Musikkhøgskole (4 år utøvande kandidatstudium i folkemusikk, 1 år PPU). Utøvar i Tindra, Majorstuen, Unni Boksasp Ensemble, Gabriel Fliflets Valseria m.m. Som solist spelar ho folkemusikk frå heimfylket.

Øyvind Sandum (1982) er frå Lalm i Vågå, bur no i Oslo. Han spelar trekkspel/durspel og har musikkutdanning frå Ole Bull Akademiet og Høgskulen på Hamar. Frå̊ haust 2014 arbeider han som fulltids musikar og dansar. Spelar også i gruppene Nordafjells, Sol i Skuggeskog og Øyvind Sandum trio. M.a. 20 gullmedaljer frå tradisjonelle meisterskap i folkemusikk (Landskappleik og Landsfestival).

Hans Sandum (1980) er fra Lalm i Vågå, bur i Oslo. Hans har lært felespelet gjennom å gå i privat lære hjå m.a. Knut Kjøk, Rolv Brimi og Øyvind Skogum. Han har ikkje musikken som leveveg, men er leiar av Sofienberg spelemannslag og har vore sentral i både Heidal Spelemannslag og studentspelemannslaget Flatlusa (Ås).



Konsertane er støtta av Norsk Kulturråd/Norsk Kulturfond og Fond for utøvende kunstnere.

TINGVOLL:

- 18.november kl. 19.30

- Vågbø grendahus

- Servering av kaffe, bakels, graut og kaker

- Ei økt med dansespel etterpå

- Inngang 150 kr

- Arr: Vågbø Grendalag/ Kvernberg & Sandum


MOLDE:

- 19.november kl. 18.30

- Reknes ungdomshus

- Enkel servering med kaffe og kaker

- Inngangspengar: kr 250 for vaksne, kr. 100 for ungdom under 18 år og spesialpris kr. 50 for medlemmer av Barneleikarringen. Dette inkluderar konsert, kaffi/te/kaker og dans.

- Vi spelar ei økt til dans etterpå

- Spelemannslaget Dåm og Drag spelar også, til konsert og dans.


STRAUMSNES, FJALER:

- 20. november kl 19.30

- Straumsnes Grendahus

- Servering av kaffi og kaker

- Pris kr 200,-

- Dansespel frå trioen og frå Dalsfjorden Spelemannslag. Innslag også frå Fure & Våge Songlag.

0 Comments

Sign in to post a comment

You must be logged in to post a comment.

Sign in or create an account

Basket

The basket is empty

Media Player

Fenstadvisa - Jeg syndefulde vil nedfaldeFenstadvisa - Jeg syndefulde vil nedfaldeJorun Marie Kvernberg
0:00

Member Login

Don't have an account?
Sign in with a network ID or create a new one:

Gigs

No events to display
Get a free website at www.get-ctrl.com © Jorun Marie Kvernberg Terms & Conditions powered by get-ctrl

Sending Data

Taking too long?

Close
Loading...