På Vossajazz i palmehelga 2013 hadde me premiere på tingingsverket Valseria av Gabriel Fliflet. Denne og dei to påfølgande konsertane i vår vart tatt opp og blir no å høyre på CD. Trekkspelar, pianist, songar og komponist Fliflet har med seg gitarist Jørgen Sandvik og bassist Kristoffer Chelsom Vogt. Eg sjølv trakterar fele, oktavfele, hardingfele og zitter på plata - i tillegg til å synge. På platesleppturnéen er det Anders Bitustøyl som blir med på bass.
Nye taktar frå Fliflet betyr ofte taktar ein knapt kan halda styr på, men som likevel får både foten og smilebandet til å rykka. I ”Valseria – eit valseverk er det tretakten som står i fokus, då Fliflet ser det som si oppgåve å redda denne trua taktarten. Verket var tingingsverk til Vossa Jass 2013.
Vals er ikkje stampande, dunkande, hoppande eller marsjerande – valsen flyt! Vi er ikkje i fine ballsalar i Wien, hovudinspirasjonen ligg i Noreg, Paris og Balkan. Komponisten sjølv seier: ”Siden Valseland er et vennlig land kommer jeg også til å invitere inn melodier i 2/4, 4/4, 5/4 og 7/8 og av ulike tempi. Kontraster må til!”Verket har tekstar ført i pennen av Einar Økland, Kjartan Fløgstad og Gabriel Fliflet og blir framført med eit usedvanleg kompetent band. Publikum vil få oppleva valsar om kjærlege sommaraugeblinkar, kyrkjegardar, krølling av tær – og saltstenkte svaberg. Bruremarsjar, latinorytmar og rumensk-rytmisk string-swing vil skjerpa sansane ytterlegare!
Foto: Hans Jørgen Brun
Sending Data
Taking too long?
0 Comments
You must be logged in to post a comment.
Sign in or create an account