-Dette blir veldig spennande! Vi ser fram til opplevinga det er å få reise til Sri Lanka - erfaringane vi får gjennom å vere fleksible som musikarar, ta ting på sparket og til å tilpasse program til ein annan publikumskultur enn vår eigen. Det seier Jorun Marie Rypdal Kvernberg i folkemusikktrioen Tindra.
I slutten av mars reiser gruppa til Sri Lanka for å delta på Jaffna Music Festival. Festivalen vert arrangert for aller første gong, og skjer i regi av Rikskonsertane i samarbeid med dei srilankiske organisasjonane Sewalanka og Arusri Art Theatre. Prosjektet er finansiert av Utanriksdepartmentet gjennom den norske ambassaden i Colombo, i tillegg til USAID.
Folkemusikk-trioen Tindra. Foto: Ingvil Ljones
Detaljrik og dynamisk folkemusikk
Tindra
er Åshild Vetrhus frå Suldal i Rogaland (song), Jorun Marie R.
Kvernberg frå Fræna i Romsdal (fele/hardingfele), og Irene Tillung frå
Voss (akkordeon). Trioen har halde konsertar i Europa og Asia og har
spelt saman sidan 2000. Den første cd-en deira, som kom i 2006, vart
nominert til Spellemann. Musikken deira vert karakterisert som detaljrik
og dynamisk folkemusikk med fleire lag. I april gir Tindra ut sin
tredje cd, Moder Norge.
Musikken som forsonar
Jaffna
Music Festival er ein unik festival. Etter 30 år med borgarkrig, skal
musikarar frå alle etnisitetar og frå alle delar av landet møtast, bo og
spele saman. I løpet av tre dagar (25.-27.03.) vil festivalen utforske
og syne bredda og vitaliteten til den srilankiske folkemusikken og
kulturen. I tillegg deltek musikarar frå Nepal, Palestina, India,
Sør-Afrika – og Tindra frå Noreg.
Utanlandssjef i Rikskonsertane, Tom Gravlie, ønskjer at festivalen skal vere eit bidrag til forsoningsprosessen i landet:
-
Ein av dei viktigaste motivasjonane for denne festivalen er å bringe
folk og musikarar frå heile landet saman gjennom musikken, og la det
symbolisere fred, forsoning og framgang. Musikk- og kulturlivet på øya
har lidd under fleire tiår med krig. For mange musikarar har det vore
særs vanskeleg å få spele, føre vidare og ta vare på tradisjonsmusikken.
Denne festivalen er ei markering av ein vilje til å inkludere alle og
til å fremje tradisjonsmusikk. Samstundes får musikarane høve til å bli
kjende med internasjonale musikkformer, seier Gravlie.
Foto: Invgil Ljones
Bonus
Dei
tre musikarane i Tindra håpar festivalen og opphaldet i landet gir dei
sjansen til å få utveksle musikk med srilankiske artistar:
-Bonusen ein alltid håpar på når ein er ute og reiser, er å få lære noko om musikken i det landet ein er i, å få møte folkemusikarar i ei uformell setting. Det er møta med menneske og musikk som betyr noko på slike reiser, seier Kvernberg.
At Tindra syng på norsk, er inga hindring, meiner Kvernberg. Litt forklaring på førehand om kva songane handlar om, og litt dramatisering undervegs på scena gjer musikken og innhaldet forståeleg trass språklege og kulturelle barrierar.
Kvernberg er spent før avreise:
-Dette blir ei overrasking for begge partar! Vi kjem til ein ny festival og til eit publikum som ikkje har høyrt oss før. Vi har óg masse å lære om deira musikk og deira kultur.
Les om og høyr Tindra her:
www.tindratrio.com
www.myspace.com/tindratrio
Les meir om Rikskonsertane sitt musikk-samarbeid på Sri Lankaher.
Tips en vennSending Data
Taking too long?

0 Comments
You must be logged in to post a comment.
Sign in or create an account