Komponisten
Jorun Marie Kvernberg er av dei leiande komponistane og arrangørane i folkemusikkfeltet i Noreg i dag. For åra 2020 og 2025-26 har Kvernberg fått arbeidsstipend frå Statens Kunstnarstipend som populærkomponist. I 2021 vart Kvernberg tildelt Møre og Romsdal fylkeskommune sitt kunstnarstipend for komponeringsarbeidet.
Som komponist og arrangør har ho utvikla seg særleg i arbeidet med musikk til gruppene Tindra og Majorstuen gjennom nærare 20 år. Som 25-åring fekk ho i 2004 sitt første tingingsverk, for NRK. Verket «Då kom du» resulterte i den første, og førebels einaste, Edvard-prisen (TONO) i sjangeren folkemusikk. Juryen uttalte det m.a. slik:
«Eit nake, nært, velforma, nytt folkemusikkverk med noko personleg, lyst og urørt over seg.»
​
Sidan har Kvernberg bidratt i fleire ulike tingingsverk.
​
«Song of Circles» 2027
20 minutters verk til Det norske kammerorkester tinga av festivalen tonehimmel, med premiere i juni 2027.
​
«Vardøger» 2025
- ein kjærleiksfull forsvarstale for moder jord. Eit 25 minutt langt verk for fire songarar og oktavfele/oktav-hardingfele. I verket brukar Kvernberg gamle magiske regler, songtekster og formlar som ein gong i tida skulle påverke veret. Konteksten i notida er at me igjen er komen til ei tid og eit klima kor me må be moder jord om godt ver. Urframført av ensemblet Song Circus v. Liv Runesdatter 7. mars 2024, Volda/festivalen tonehimmel.
​
«Friggs rokk» 2023
Eit verk for to akkordeon inspirert av norrøn mytologi, med vekt på åsynjene og særleg Frigg. Verket er inspirert av både islandsk og norsk folkemusikk. Urframføringa vart gjort av akkordeonistane Geir Draugsvoll og Kristina Farstad Bjørdal. Verket vart sidan skrive om både for duo fele/song+ akkordeon og for trio med to akkordeon og fele/song. Det 25 minutt lange verket vart urframført på festivalen tonehimmel i 2023.
​
«Valfart» 2023
Verket, med tekster frå Kjartan Fløgstads debutdiktsamling med same namn, er skrive for NyNorsk Messingkvintett og komponisten sjølv på fele/hardingfele/song. I eit utforskande landskap mellom den varme messingklangen og den sprø og luftige hardingfeleklangen forma Kvernberg eit verk som løftar Fløgstad sine bilete og historier. Sjå og høyr utdrag frå verket her.
​
«Tagal» 2021
Eit ordlaust verk (50") for Kvedarkvintetten (fem kvinnestemmer) kor den tradisjonelle tralinga/låte på kjafte blir kombinert med nonsens-tekster og andre måtar å lage ordlaus vokalmusikk på. Verket spenner frå unisont framførte slåttar i tradisjonell drakt til meir eksperimentelle satsar i grenselandet mellom norsk folkesong og andre farger og sjangrar.
Tagal vart urframført på Førdefestivalen i 2021, og vart utgitt på plateselskapet Heilo/Grappa mars 2025.
​
«På geitevis/Perleskum» 2018
Musikk komponert til tekster av Aasmund Olavsson Vinje, for folkesongar, fele/hardingfele, tuba og piano. Først utforma som ein barnekonsert med tittelen «På geitevis», deretter konserten «Perleskum» som seinare også vart namnet på ensemblet. Musikken vart utgitt på plateselskapet ta:lik våren 2020.
​
Andre større prosjekt er m.a. «Den kvite hjorten» med trioen Tindra og verka «Skrible» og «Kvitre» saman med fele-ensemblet Majorstuen.
​
Kvernberg var den norske komponisten i storsatsinga «Nordic Folk Sound Orchestra» under Førdefestivalen 2017, med kring 40 profilerte folkemusikarar og solistar frå heile Norden som utøvarar.
Høyr komposisjonane i NRK-sendinga her på tidene 11:37, 25:45, 33.33,
​
Kvernberg har også komponiert musikk til animasjonsfilmane «Something Withy» av Arielle Demillecamps og «Fear Rua» av Rory Thompson lansert. Kvernberg har komponert musikken som blir framført av Kvernberg og Operaens Sinfonietta (Kristiansund). Den førstnemnde har henta inn mange prisar frå filmfestivalar kringom i verda.
Duoen Bjørn Kåre Odde (fele/bratsj) og Ole Nilssen har fått eit verk på 15 min som skal spelast inn i næraste framtid. Kvernberg har også arrangert tre av Aslak Brimi sine slåttar i Aslak Brimi Kvartett sitt album Isomeri (spor Orbital, Operavals og Naki grein).
​
