top of page
Trio Alde

 

Jorun Marie Kvernberg, Gabriel Fliflet og Berit Opheim

 

Trio Alde platedebuterte i februar 2021 med albumet «Himlaleite». Komponist og prosjektleiar Gabriel Fliflet har på albumet leika seg med tekster av Kjartan Fløgstad, knadd og finspikka det til slutt saman med medmusikarane Kvernberg og Opheim.

Trio Alde er tre av dei mest fargesterke folkemusikarane våre: Gabriel Fliflet (trekkspel, piano, song), Berit Opheim (song) og Jorun Marie Kvernberg (feler, song m.m.). 

Trio Alde gir oss songar med tekst av Kjartan Fløgstad og musikk av Gabriel Fliflet; eventyrlege historier, naturlyrikk og voggesongar - eit breitt spenn frå stille nynning og blåtonar til driv og dansetakt. Songar som går sine eigne stiar. Lengting, liv og song! 

Trio Alde: Ordet alde har to tydingar: stor havbåre, dønning og hagefrukt. Ordet rommar altså både hav og hage - og peikar mot Vestlandet, der dei tre musikarane er heime.

Kjartan Fløgstad er ein av dei store forfattarane i landet vårt, og dukkar gjerne opp på scena saman med Trio Alde. Han er glad i musikk, og har i heile sitt forfattarliv dikta songtekstar, som har dukka opp både i og utanfor romanane hans. Spennet er vidt, frå vare voggeviser til frodige historier, frå naturlyrikk til songar om kjærleik på skrinn grunn.

Musikar og musikkmakar Gabriel Fliflet har laga musikk til mange av Fløgstads songtekstar. Fliflets melodiar er melodiøse, men går gjerne litt uventa vegar. I fleire av dei kan du høyra at komponisten ikkje berre trivst på konsertscena, men òg er glad i å spela til dans: Vals og reinlendar, tango og ulike balkandansar!


Berit Opheim – song
Jorun Marie Kvernberg – fele, hardingfele, harpeleik, song
Gabriel Fliflet – trekkspill, piano, song


Kjartan Fløgstad - lyrikk

Pressefoto Trio Alde.jpg
Himlaleite.jpg
bottom of page