top of page
Om Jorun Marie Kvernberg

Både som komponist og utøvar er Kvernberg ein kraftfull formidlar. Ho utdanna seg som folkemusikar (fele og hardingfele) på Norges Musikkhøgskole i åra 1999 til 2004. Her møtte ho også felekameratane som danna gruppa Majorstuen.

Prosjektet Perleskum inneheld Kvernberg sine komposisjonar til Aasmund Olavsson Vinje sine dikt. Her har ho med seg eit stjernelag som består av kvedar Unni Boksasp, Lars Andreas Haug (tidlegare Daniel Herksedal) på tuba og Dag-Filip Roaldsnes på piano. Dei sleppte si debutplate i mars 2020.

Kviven duo er Jorun Marie Kvernberg og Britt Pernille Frøholm i stereo felespel. Dei formidlar tradisjonelt slåttespel frå Nordfjord og Sunnmøre og sleppte si debutplate i mai 2020.

Gabriel Fliflet, Tindra, Unni Boksasp Ensemble, Øyvind Sandum er musikarar og grupper Kvernberg har spelt mykje med dei dei siste åra. I tillegg jobbar ho som solist og komponist i mange ulike samanhengar. 

JorunMarie_OE8A9479_fotoKristinStoylen.j
bottom of page