Majorstuen
MAJORSTUEN 2000-2021
Med flagget til topps gjekk Majorstuen inn i sitt tjuande (tjueførste) og siste år som folkemusikalske felekameratar. Leiken, formidlingsvilja og nytenkinga har vore bandet sitt varemerke gjennom heile karriera og dette spissar dei ytterlegare i produksjonen og albumet «JUBEL».
Folkemusikkbandet si eventyrlege reise har tatt dei til nærare tjue land verda over. Alt frå skulekonsertar og gatespeling i Aserbadjan, kyrkjekonsert i Canada, ærverdige «Théâtre de la Ville» i Paris, med båtbil til Tatihou i Normandie for tusen publikumarar, men og for tjue lyttarar i ei tømmerstove i Østerdalen. Ein Spellemannpris og sju tidlegare album står også på merittlista. Vilja til å vinne og finne nye folkemusikkhjarte og gleda over feleleiken har gjort at Majorstuen stadig har funne nye vegar og uttrykk, til glede og inspirasjon både for miljøet elles og sitt publikum.
Med sitt siste album og sin siste konsertproduksjon «JUBEL» vil bandet kome tett på publikum, og sjarmere dei med sin karakteristiske Majorstuen-stil, med humor, show og tempo, men også kjensleladda musikalske sjatteringar. Fem solistar finn i hop og stikk seg fram kvar sin gong, kvar med sitt lynne og temperament. Kor dei er bak neste sving veit dei knappast sjølve!
Majorstuen slepte sitt siste album 17. april 2020, på eige selskap, Majorstuen Fiddlers Company.
Majorstuen er:
Jorun Marie Kvernberg - fele
Synnøve S. Bjørset - fele
Tove P. Hagen - fele, cello, bratsj
Bjørn Kåre Odde - fele, bratsj
Anders Löfberg - fele, cello