Perleskum
Aasmund Olavsson Vinje, den tvisynte diktaren med den skarpe pennen, fylte 200 år 2018. Det vart mellom anna feira med tingingsverket «På geitevis» av Jorun Marie Kvernberg til Førdfestivalen 2018.
I vidareutviklinga av dette kom prosjektet Perleskum til: To folkemusikarar og to jazzmusikarar leikar seg med nye tonar til Vinje sine gamle ord. Tuba-virtuosen Lars Andreas Haug ertar den kvikke nordmørs-stemma Unni Boksasp opp i nye høgder. På svarte og kvite loddar Dag-Filip Roaldsnes djupet, medan komponist og felespelar Jorun Marie Kvernberg ausar på og opp og fram med boge og streng.
Dei ettertrakta musikarane har kvar for seg og i ulike konstellasjonar mangfaldige plateutgjevingar, fleire Spellemannprisar og ei imponerande merittliste.
Plata til Perleskum kom i mars 2020 på plateselskapet ta:lik
Jorun Marie Kvernberg: fele, hardingfele, song (og komposisjonar)
Unni Boksasp: folkesong, zitter
Lars Andreas Haug: tuba
Dag-Filip Roaldsnes: piano
Aasmund Olavsson Vinje: skarp penn
