top of page
Kvernberg / Tylden

 

Jorun Marie Kvernberg og Rune Tylden

Duosamarbeidet mellom Jorun Marie Kvernberg og Rune Tylden kom til alt på starten av 2000-talet, med folkemusikk frå Nordmøre som utgangspunkt – på fele/hardingfele, song og trøorgel/kyrkjeorgel. Duoen starta opp på nytt hausten 2021.

 

Mange tonar har blitt spelt og skapt sidan den gongen, og dei har begge etablert seg som komponistar. Når dei no møtast att har dei lasta skipet både med den gamle folkemusikken og med eigne nyskapingar. Folkemusikken blir fellesnemnaren for dei to både når dei løfter fram gamle skattar og når dei tryllar fram eigne komposisjonar. Men med bakgrunn frå både folkemusikk, kyrkjemusikk, popmusikk og kunstmusikk blir paletten stor og sjangergrensene utviska i Tylden og Kvernberg sin eigenarta musikkleik.

Jorun Marie Kvernberg (f.1979) har folkemusikkutdanning frå Norges musikkhøgskole med fele og hardingfele som hovudinstrument. Ho har i løpet av si tjue år lange karriere etablert seg som ein tonegjevande musikar og komponist, og har peika ut nye retningar for folkemusikken – mellom anna saman med gruppene Majorstuen og Tindra, i samarbeid med Gabriel Fliflet, Unni Boksasp, med sitt eige band Perleskum, i Kviven duo med Britt Pernille Frøholm og som solist.

 

På reisa har ho mellom anna fått med seg to Spellemannprisar, gitt ut meir enn tretti album, turnert i meir enn tjue land, starta to plateselskap og eitt forlag, og fått TONOs einaste Edvard-pris i folkemusikksjangeren. Dei siste fem åra har komponisten Kvernberg fått boltre seg meir, mellom anna med fleire tingingsverk og med arbeidsstipend frå Statens kunstnarstipend som populærkomponist i 2020.

 

 

Rune Tylden (f.1978) er utdanna organist ved Musikkonservatoriet i Trondheim og Norges Musikkhøgskole. I tillegg er han utdanna filmmusikkomponist ved Høgskolen på Lillehammer. Han jobbar i dag som frilansmusiker, komponist og arrangør og er i tillegg tilsett som kantor i Nordlandet kirke i Kristiansund.

 

Tylden har gjennom sitt virke jobba med ei rekke ulike artistar og grupper i Norge, i ulike sjangrar, som f.eks. Terje Rypdal, Ole Edvard Antonsen, Helene Bøksle, Andreas Ljones, Unni Boksasp, m.fl. Han har særlig markert seg som improvisatør, arrangør og komponist og deltatt på ei rekke konserter i inn- og utland. I fleire år har Tylden jobba særlig tett med folkemusikken og deler av folkemusikkmiljøet i Norge.
 

KvernbergTylden_3B7A0578_fotoKristinStoylen.jpg
bottom of page