Kviven duo

Kviven Duo  er Jorun Marie Kvernberg og Britt Pernille Frøholm (feler)

 

Korpsa stemte i med sine jubelhorn, ministrar og ordførarar klirra med kjeder og klipte snorer. Volda og Hornindal jubla for at tunellsambandet Kvivsvegen opna nye moglegheiter for samkvem, samarbeid og ikkje minst samspel mellom dei to bygdene i 2012. Milliardprosjektet kan mellom anna skilte med ein framadstormande feleduo som fødtest etter at ein hakka seg hol gjennom fjellet Kviven.

 

Felespelarane Jorun Marie Kvernberg (Volda) og Britt Pernille Frøholm (Hornindal) har no brukt sambandet flittig og finpussa eit knippe kvalitetsslåttar frå kvar si side av Kviven. Kviven duo er klar for verda! I stereo felespel frydar dei to allsidige musikarane både seg sjølv og publikum med dei gode tradisjonsslåttane.

 

Britt Pernille Frøholm har eit stort spenn som musikar, frå å vere den argaste tradisjonskjennaren til å traktere atonal samtidsmusikk. Ho kjenner me mellom anna frå gruppene MAAR, North Pole Experience, Boreas, og Friensemblet og som solist i alskens samanhengar.

Jorun Marie Kvernberg er ein av dei som har heldt koken i det prislønte ensemblet Majorstuen sidan starten, og ho spelar også med Gabriel Fliflet, Tindra, Unni Boksasp og er ein etterspurd komponist.

 

La Kviven sørge for sviven og syne deg bogedriven! 

Duoen debuterar med plate i mai 2020, med påfølgande turnéar og konsertar.

www.kvivenduo.no

Jorun Marie Kvernberg©2020